lørdag 8. april 2017

Pigen paa Anatomikammeret – kontrastar og kritikk



Diktanalyser er noe jeg lenge har prøvd å unngå, rett og slett fordi det er ganske vanskelig. Det finnes så mange sider ved diktet man kan fokusere på, og de er også ofte vanskelige å tolke og forstå. Nå har jeg endelig skrevet en diktanalyse jeg ble fornøyd med (innleveringsoppgave i faget NOR1300 på UiO), og når jeg var ferdig var det faktisk ganske gøy likevel. Analysen har forbedringspotensiale (jeg burde f.eks. utdjupa enkelte områder bedre), men den er i alle fall et eksempel på hvordan en analyse kan se ut. Også er den jo på nynorsk da ❤  God lesing! – Dea 

---

«Pigen paa Anatomikammeret» er eit dikt skrive av Henrik Wergeland i 1836, fyrste gong trykt i tidsskriftet Bien 1. januar i 1837. I Wergelands dikt møter vi ein legestudent som er i ferd med å utføre ein obduksjon. Legestudenten ser brått at han veit kven den døde kvinna som ligg på obduksjonsbordet er. Dei har vore naboar i barndommen. Dette får han til å tenkje på uretten i samfunnet. Diket kan sjåast på som eit angrep på klassesamfunnet og utnyttinga av dei fattige. Dette gjer at diktet skil seg ut frå typiske romantiske dikt og 1800-talet sine normer. Likevel har diktet klare romantiske trekk. I romantikken glorifiserte ein gjerne det verkelege livet. Sjølv tragiske hendingar vart måla vakre. Henrik Wergeland har i diktet «Pigen paa Anatomikammeret» skapt ein sjeldan balanse mellom romantisk dikting og sosial kritikk. Dette er eit av fleire dikt, der lesaren kanskje kan føle litt på samvitet til Wergeland, som i heile sitt korte liv engasjerte seg politisk (lokus.no. 2008.).

Det vesle som finst av handling går i fyrste omgang føre seg på eit anatomikammer. Når eg-et i diket, altså legestudenten, forstår kven kvinna er, oppstår det ei parallell verd i form av legestudenten sine tankar og refleksjonar. Slik kan eg-et i diktet fortelje to historier samstundes. Det finst altså ei konkret historie, men òg ei meir svevande tankerekke som handlar om dei sosiale problema i samfunnet. Fordi det er to parallelle handlingar i diktet vert det teke i bruk to verbalformer, presens og preteritum. Dette gjer det lettare for lesaren å skilje mellom eg-et sine tankar, og hendinga som går føre seg no. Wergeland studerte sjølv medisin i om lag to år, og vi kan difor gå ut frå at han hadde noko erfaring med obduksjonar. Det er heller ikkje umogleg at kan ha opplevd det han fortel om i diktet sjølv (Holck, 2008).

Det er spesielt to moment som eg meiner peikar seg ut i diktet, og som eg difor vel å fokusere ekstra på. Det fyrste er måten romantikk og makaber kritikk av samfunnet er blanda saman på. Det andre er dei ofselege kontrastane som pregar teksten, og som er avgjerande for å forstå diktet. Eg vil kome innom verkemiddel som er brukt for å oppnå dette, samt kva for effekt det har.

Med tanke på at diktet er skrive i romantikken, står tematikken fram som ganske rå, brutal og ansleis i forhold til det som var norma (det finst andre typar romantikk der dette ikkje er like oppsiktsvekkande). Diktet er likevel gjennomgåande romantisk. Dette legg vi kanskje særskilt merke til dersom vi ser på orda som vert nytta. Det diktet i fyrste omgang handlar om, eit lik, vert ikkje nemnd med ord. I verselinjene «i denne Armes Hjerte!», som vi finn i fyrste strofe, og «at Blod saa fagert og saa skjært», som står i fjerde strofe, vert anatomiske omgrep teke i bruk, men desse har eit svært romantisk preg over seg. Samstundes er ordet «Hjerte» her brukt i konkret form, ikkje i symbolsk, noko som tek oss tilbake til det makabre (Per Thomas Andersen, 16.01.17. Henrik Arnold Wergeland).

Eg-et i diktet skapar ei parallell tankerekke rundt dei sosiale problema i samfunnet. Desse vert det sett lys på ved hjelp av sterke kontrastar og metaforar. Hovudkontrasten vert bygd opp rundt «Fornemme Folk» og «Fattigfolk». Det vert difor òg ein sterk kontrast mellom «eg» og «ho», som representerer dei to gruppene i samfunnet. Eg-et held heile vegen ei viss avstand til situasjonen. Dette kan vere fordi han som legestudent må opptre profesjonelt, eller kanskje det oppfattast slik fordi eg-et formulerer seg så romantisk og dermed litt overflatisk til situasjonen. Legestudenten høyrer altså til «Fornemme Folk», og er overlegen på to måtar. I tillegg til at han tilhøyrer overklassa og har moglegheita til å vere legestudent, er han òg den overlegne parten der han står med kniv og lampe og ser ned på den døde kvinna på operasjonsbordet. Kvinna tilhøyrer «Fattigfolk», har truleg vore prostituert, og er no død. Ho har alltid vorte sett ned på av dei øvre laga i samfunnet, og no som ho er død, er ho meir forsvarslaus enn nokon gong. Det at den døde kroppen hennar endar opp som noko legestudentar kan øve seg på, fortel oss òg at dei lågare gruppene i samfunnet ikkje blei sett på som mykje verd. Anatomikammeret der handlinga skjer og samfunnet i tankane til legestudenten vert òg parallellar, og speilar kvarandre. Anatomikammeret opptrer altså allegorisk i diktet (Wergeland, 2011).

På det personlege planet finn vi ein kontrast mellom barndom og vaksenliv. Det som før kanskje var lett, leikent og vakkert, er no alvorleg, vanskeleg og urettferdig. Livet har gått i heilt ulike retningar for dei to naboane, og det berre fordi dei vart fødd inn i ulike lag i samfunnet. Lesaren sit her med ei kjensle av urettferd og hjelpelause. Når diktet attpåtil er vakkert formulert, får det eit uttrykk som kanskje gjer det lettare å ta inn den kritiske bodskapen. Verkemidla som vert tatt i bruk forsterkar altså kontrasten, som igjen forsterkar kjenslene til lesaren.

Wergeland set i diktet adjektiv til meir eller mindre abstrakte substantiv. Dette gjer at orda får eigenskapar dei ikkje eigentleg kan ha. Adjektiva er med på å forsterke kontrasten mellom dei fattige og dei fornemme. Døme på dette ser vi i «døde Smerte» som skildrar den unge kvinna og dei fattige si smerte på eit makabert vis, og i «stolte Verden» som framstiller verda og samfunnet som stolte, og heva over dei fattige. «denne døde Smerte», samt «der er rædsom Vittighed» viser oss ironien over det heile, og peikar kanskje mot kvifor samfunnet er som det er. Det handlar her om dei «Fornemme Folk» sin mangel på forståing og evne til å setje seg inn i dei fattige sin situasjon. «Vittighed» rimar på «ned» som viser til korleis dei øvre klassane ser ned på klassane under seg, uten å vise forståing. «Hjerte» rimar på «Smerte» og visar kanskje til ei smerte hos den fattige kvinna som held fram sjølv etter døden hennar (Sejersted & Vassenden, 2011, s.73).

Dei sterke kontrastane gjer det mogeleg for lesaren å setje seg inn i begge situasjonar, og oppleve ulikskapane sjølv. Særskilt får vi her høyre dei svake og fattige si historie gjennom eg-et. I eit samfunn der fattige vart sett på som mindreverdige menneske, og der kvinna stod under mannen var det nok vågalt å vise så mykje forståing og medkjensle med underklassa. Det er samstundes viktig å hugse på at Wergeland som diktar står heilt utanfor diktet, og at det her er eg-et som formidlar bodskapen. Eg-et verkar heller ikkje heilt sikker på kvar han står i saka, og jobbar heile vegen for å overtyde seg sjølv. Diket vert òg lest og tolka ansleis no enn for om lag 180 år sidan, ettersom samfunnet har gått gjennom ei radikal endring og diktet har vorte tolka tallause gonger.

«Pigen på Anathomikammeret» har fleire gode metaforar som gjev diktet eit uhyggeleg preg. Bøddelmetaforane om lampa som «stirrer ned» på liket, som dei øvre klassane i samfunnet stirrar ned på dei lågare klassane, og metaforen «Frække Øine skar» som kniven no gjer i kvinna sin døde kropp, er døme på dette. Det at lampa vert besjela, og at auga får kniven sin funksjon gjer at den pågåande hendinga og eg-et sine refleksjonar vert sydd saman. Høgdemetaforane er med på å understreke kor stor kontrasten mellom «Fornemme Folk» og «Fattigfolk» faktisk er (Per Thomas Andersen. 16.01.17. Henrik Arnold Wergeland).

Det er ikkje berre uhyggelege metaforar som vert teke i bruk. Den unge kvinna vert fleire gonger omtala som ein blome. «Som Blomst i Isen frossen ind» «Stedmorsblommen» og «Maanedsrosens» beskriv kanskje ulike sider ved henne, kanskje òg trekk som kan gjelde fleire fattige kvinner. Den frosne blomen kan sjåast på som ein representasjon for den døde, stive kvinnekroppen. Kanskje fortel det oss óg at kvinna er lik seg sjølv som barn, og at trekka hennar er godt bevart. Stemors-blomen kan peike på kjensla kvinna sat med ovanfor andre menneske, som heile livet hennar behandla ho som om ho var mindre verd. Ein kan tenkje seg at eit slikt menneske sit med mange vonde kjensler som frykt, smerte, og det å vere framand og ha verda mot seg. Eg-et i diktet erkjenner at den fattige, unge kvinna er vakker, fleire stader i diktet. Han seier blant anna at «Fornemme Folk» ikkje kunne fatte at eit så vakkert barn «af Fattigfolk var kommen». Månedsrosa representerer denne skjønnheita, samt kvinna sin tidlige død. Ho var vakker mens ho levde, men ho får samstundes berre ei kort stund i denne verda. Venleik kan ikkje verne henne mot «Skjebnens Haand» (lokus.no. 2008.). Bruken av blomar der det eigentleg handlar om kropp, kan òg sjåast på som metonymi. Det at naturen og mennesket vert brukt om kvarandre på denne måten, var svært vanleg i romantikken.

Noko som derimot ikkje var vanleg i romantikken, er måten Wergeland framstiller kvinna på i diktet sitt. Ei kvinne var yndig, uskuldig og eit symbol på kjærleik. I diktet vert derimot kvinna presentert i form av ein død, urein kropp. Kvinna har levd eit syndig liv som fattig og truleg prostituert ettersom det står at «Syndens Spor dem overjog». Diktet endar med å samanlikne synda kvinna truleg har sett seg skuldig i, med «Sneglens Sliim paa Løvet». Her oppstår det ein kontrast mellom forventninga av korleis kvinna skal framstillast, og korleis ho faktisk vert framstilt. Dette verset gjer at lesaren sit att med eit vemmeleg og ubehageleg bilete, som står i sterk motsetning til det vakre og poetiske språket diktet har.

Kvar strofe består av seks vers, og heile diktet fylgjer same mønster frå start til slutt. Diktet består av sekvensrim, altså aaBccB, der dei små bokstavane er einstavelsesrim, og dei store er tosavelsesrim. Verselinje ein og to rimar, nummer tre og seks rimar, og nummer fire og fem rimar. Set vi «Pigen paa Anathomikammeret» inn i eit metrisk skjema, vil vi sjå at diktet er firfota jambisk. Dette vil seie at diktet startar på ein trykklett staving og er annankvar gong trykklett og trykksterk. Kvart vers har fire slike par, ei trykklett og ei trykktung staving, og vert difor kalla firfota (Norheim & Svare. 2012. s. 64-66.). Forma gjer det truleg lettare å ta til seg kritikken i diktet.

Diktet «Pigen på Anatomikammeret» er særeige for si tid. Det vert retta sterk kritikk mot samfunnet i form av romantiske vers og strofer. Diktet visar medkjensle med dei fattige og svake i samfunnet, og visar tydeleg gjennom heile diktet den store kontrasten mellom «Fattigfolk» og «Fornemme Folk». Den døde kvinna vert som ein liten modell på korleis det store samfunnet fungerer gjennom desse kontrastane. Kontrastar er mykje tatt i bruk, og er utan tvil eit svært viktig verkemiddel i diktet. Andre verkemiddel som metaforar, samanlikningar, besjeling og bruk av adjektiv, er med på å forsterke kontrasten mellom dei to polane i samfunnet.

Diktet hadde heller ikkje hatt same effekt dersom det ikkje hadde bestått av den unike blandinga av sosial kritikk, makaber tematikk og romantisk dikting. Ja, det er faktisk òg ein kontrast mellom det romantiske språket Wergeland brukar og det dystre temaet, samt den krasse kritikken. Det hadde nok vore vanskelegare å ta innover seg bodskapen for ein 1800-talsborgar, dersom ordet lik til dømes hadde vore brukt i staden for dei romantiske metaforane. Vi kan tenkje oss at det romantiske språket var heilt nødvendig for å kunne kritisere samfunnet på denne måten, og verte teke alvorleg. Kvinna og dei fattige får her medkjensle, og kanskje ei viss form for støtte frå ein som høyrer til det øvre laget i samfunnet. Dette bryt nok ei gong med 1800-talet sine normer. Diktet provoserer, men er samstundes vakkert å lese og høyre på. Kanskje er det akkurat denne balansen som har gjort «Pigen paa Anatomikammeret» til eit av Wergeland sine mest kjende dikt.


Kjeldeliste (referansestil APA 6th):

Andersen. P.T. Mose. G. Norheim. T. (2012). Litterær analyse. En innføring. Oslo: Pax Forlag.
Holck. P. (2008.26.06) Wergeland som medisiner. Tidsskriftet Den norske legeforening. Henta frå http://tidsskriftet.no/2008/06/medisin-og-kunst/wergeland-som-medisiner , 21.02.17.
lokus.no. (2008). STØV – undervisningsopplegg til Ivo de Figueiredos bok om Henrik Wergeland. Henta frå http://www3.lokus.no/?marketplaceId=11403779&languageId=1&siteNodeId=11801531, 23.02.17.
Serjersted., J. & Vassenden, E. (2011). Lyrikk. En håndbok. Oslo: Spartakcus Forlag. S. 72-75.
Wergeland. H. (2011) Henrik Wergeland. Bokselskap. Henta frå http://www.bokselskap.no/forfattere/wergeland, 24.02.17.

Wergeland. H. (2011) Om Utvalgte dikt. 1833-45. Bokselskap. Henta frå http://www.bokselskap.no/boker/wergelanddikt/pigenpaaanatomikammeret-1836, 23.02.17.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar